Historia om 1808 og Kvestad Sideri

Kvestad er eit klyngjetun der gardane ligg tett. I 1766 råka ein dramatisk brann Kvestad og stova der tre store familiar budde saman brann ned. For å sikra husvære for desse tre familiane fekk dei kjøpe ei stor røykestove på Røte i Kinsarvik som dei frakta over fjorden og sette opp på Kvestad. Det er dette som er stova som prydar etiketten på den fyrste sideren vår.

I 1808 skjedde det igjen ein dramatisk hending på Kvestad, då ein sidearm av eit skred som gjekk på Måkestad tok med seg husa til to av gardane på Kvestad. Skreda låg inn i buadøre på baksida av stova, men denne stod heldigvis imot kreftene frå skredet. Igjen budde det 3 familiar i Gamlastovo. Hendinga var dramatisk og sette sitt preg. Ingen menneskeliv gjekk tapt, men dei leid store tap økonomisk. Stova dei budde i ligg på bruk 2 på Kvestad, og historia seier at bonden på bruk 2, Birge Birgeson Kvestad, ville sikra framtida for familien dersom han fall ifrå. Han hogg difor inn initialane sine, B.B.S.K. og årstalet 1808 i eine hanabjelken inne i stova. Ingen skulle vera i tvil om kven som eigde stova, om noko skulle skje med han.

Stova ligg framleis på sin opprinnelige plass på bruk 2, og ber namnet Gamlastovo. I 1862 bygde dei seg nytt bustadhus på bruk 2 i same tunet, og Gamlastovo vart då eit arbeidshus med blant anna snekkarverkstad. I dag er stova restaurert og vert brukt som selskapslokale, men fortsatt vitnar hanabjelken om dramatiske år og hendingar på Kvestad og det er her me har funne inspirasjon til logoen for Kvestad Sideri med den unike K´en frå dei innhogde initialene til bonden i 1808.

Om oss

Under Folgefonna i Hardanger ligg Kvestad Sideri. Kvestad ligg ca. 220 m.o.h. og her har det vore produsert eple og laga sider i generasjoner. Kvestad Sideri AS er ei familiebedrift beståande av Ellen og Haakon, døtrene Hilde og Marianne, deira sambuarar Andre og Olav Arne, og deira søskenbarn Ole Kristian. Med ei god blanding av ulik kompetanse og erfaring jobbar me godt ilag og driv bedrifta framover saman.

Gardsbesøk

Gardsutsal ope etter avtale, ta kontakt per telefon eller e-post. Gardsutsalet ligg på adressa Reisetevegen 83. Du finn oss ved å svinge av frå Fjordavegen ved Best Stasjonen på Nå, og køyre mot Reiseter. Køyr ca 2 km oppover. Deretter er det skilta avkøyrsel til produksjonslokale eller til gardsutsal. For omvising og sidersmaking, følg skilting til produksjonslokale. Parkering på oppsida av sideriet. For besøk i gardsutsalet, følg skilting til gardsutsal. Parkering ved gardsutsal er merka.

Me tar imot grupper for omvising og sidersmaking heile året. Dette er kun på forespurnad, me har ikkje faste tider. Me har to ulike pakkar:

  1. Omvising og smak av 3 typar sider - 450 per person
  2. Omvising og smak av 4 ulike sider og issider - 490 per person

Opplegget tar ca 1,5 time. Me startar i produksjonslokalet med omvising, før me har sidersmaking i Gamlastovo på Kvestad. Minimum 5 personar / minstepris 2000kr.

Ta gjerne kontakt for å bestille eller for meir informasjon.

Kontakt oss

...eller du kan sende oss en melding under, så kontakter vi deg.