Sideren vår

Sideren 1808 inneheld 4 eplesortar; gravenstein, aroma, summered og discovery. Sideren er halvtørr og sprudlande.

Dette er ein sider laga på tradisjonelt vis, slik det har vore gjort i generasjonar på bruk 2 på Kvestad. Haakon som eig bruk 2 i dag, har lært å laga sider av sin far – Oddmund. No er det døtrene Hilde og Marianne som lærer av Haakon, og på den måten vert tradisjonar helde i hevd.

For ca 100 år sidan budde det to systre på bruk 2 og 3 på Kvestad. Torbjørg og Marita gifte seg med kvar sin odelsgut og vart bondekoner i tuna Framitun og på Haugen.

No skriv me 2021, og igjen bur det to systre på desse gardane. Marianne bur på bruk 2 og driv med epleproduksjon, Hilde bur på bruk 3 og driv med moreller. Rosesideren er laga av Eple, moreller, og eit hint av rips. Dette er sidersystrene på Kvestad sin favoritt.

Dei fleste slekter har vel ein tørrpinn?

Anno er i alle fall den tørre slektningen til 1808. Den er laga på dei same tradisjonelle eplesortane, men har litt mindre restsødme. Den passar ypparleg til både aperitiff og til mat.

Frisk og god råsaft utan tilsetningar pressa av tradisjonelle eplesortar frå Hardanger. Nytast best avkjølt.

Historia om 1808 og Kvestad Sideri

Kvestad er eit klyngjetun der gardane ligg tett. I 1766 råka ein dramatisk brann Kvestad og stova der tre store familiar budde saman brann ned. For å sikra husvære for desse tre familiane fekk dei kjøpe ei stor røykestove på Røte i Kinsarvik som dei frakta over fjorden og sette opp på Kvestad. Det er dette som er stova som prydar etiketten på den fyrste sideren vår.

I 1808 skjedde det igjen ein dramatisk hending på Kvestad, då ein sidearm av eit skred som gjekk på Måkestad tok med seg blant anna eit fjøs med sju kyr på Kvestad. Skreda låg inn i buadøre på baksida av stova, men denne stod heldigvis imot kreftene frå skredet. Sjølv om husvære til dei 3 familiane framleis stod, var hendinga dramatisk og sette sitt preg. Ingen menneskeliv gjekk tapt, men dei leid store tap økonomisk. Stova dei budde i ligg på bruk 2 på Kvestad, og historia seier at bonden på bruk 2, Birge Birgeson Kvestad, ville sikra framtida for familien dersom han fall ifrå. Han hogg difor inn initialane sine, B.B.S.K. og årstalet 1808 i eine hanabjelken inne i stova. Ingen skulle vera i tvil om kven som eigde stova, om noko skulle skje med han.

Stova ligg framleis på sin opprinnelige plass på bruk 2, og ber namnet Gamlastovo. I 1862 bygde dei seg nytt bustadhus på bruk 2 i same tunet, og Gamlastovo vart då eit arbeidshus med blant anna snekkarverkstad. I dag er stova restaurert og vert brukt som selskapslokale, men fortsatt vitnar hanabjelken om dramatiske år og hendingar på Kvestad og det er her me har funne inspirasjon til logoen for Kvestad Sideri med den unike K´en frå dei innhogde initialene til bonden i 1808.

Om oss

Under Folgefonna i Hardanger ligg Kvestad Sideri. Kvestad ligg ca. 220 m.o.h. og her har det vore produsert eple og laga sider i generasjoner. Kvestad Sideri AS er ei familiebedrift beståande av Ellen og Haakon, døtrene Hilde og Marianne, deira sambuarar Andre og Olav Arne, og deira søskenbarn Ole Kristian. Med ei god blanding av ulik kompetanse og erfaring jobbar me godt ilag og driv bedrifta framover saman.

Gardsbesøk

Kontakt oss

...eller du kan sende oss en melding under, så kontakter vi deg.