Sideren 1808 inneheld 4 eplesortar; gravenstein, aroma, summered og discovery. Sideren er halvtørr og sprudlande.
Dette er ein sider laga på tradisjonelt vis, slik det har vore gjort i generasjonar på bruk 2 på Kvestad. Haakon som eig bruk 2 i dag, har lært å laga sider av sin far – Oddmund. No er det døtrene Hilde og Marianne som lærer av Haakon, og på den måten vert tradisjonar helde i hevd.
Nettoinnhold: 750 ml.
Alkoholprosent: 8,5%
Allergener: Sulfit
Fås kjøpt i gardsutsalet og Vinmonopolet.
For ca 100 år sidan budde det to systre på bruk 2 og 3 på Kvestad. Torbjørg og Marita gifte seg med kvar sin odelsgut og vart bondekoner i tuna Framitun og på Haugen.
No skriv me 2021, og igjen bur det to systre på desse gardane. Marianne bur på bruk 2 og driv med epleproduksjon, Hilde bur på bruk 3 og driv med moreller. Rosesideren er laga av Eple, moreller, og eit hint av rips.
Nettoinnhold: 750 ml.
Alkoholprosent: 9%
Allergener: Sulfit
Fås kjøpt i gardsutsalet og Vinmonopolet.
Dei fleste slekter har vel ein tørrpinn?
Dei fleste slekter har vel ein tørrpinn?
Anno er i alle fall den tørre slektningen til 1808. Den er laga på dei same tradisjonelle eplesortane, men har litt mindre restsødme. Den passar ypparleg til både aperitiff og til mat.
Nettoinnhold: 750 ml.
Alkoholprosent: 9%
Allergener: Sulfit
Fås kjøpt i gardsutsalet og Vinmonopolet.
Tradisjonell eplesider laga av 100% rein Gravenstein. Adelstein er eit selktsnamn frå Kvestad.
Nettoinnhold: 750 ml.
Alkoholprosent: 8%
Allergener: Sulfit
Fås kjøpt i gardsutsalet.
Issideren er frysekonsentrert laga på 50% Summerred-, 25% Aroma- og 25% Gravenstein-epler
Nettoinnhold: 375 ml.
Alkoholprosent: 10%
Allergener: Sulfit
Fås kjøpt i gardsutsalet.
Kaizersider er ein sider me har laga for å feira gjenkomsten til eit av Rogalandshistoriens alle beste rockeorkestere. Ein tørr sider laga av Aroma, Discovery og Vista Bella.
Nettoinnhold: 750 ml.
Alkoholprosent: 9%
Allergener: Sulfitt
Fås kjøpt i gardsutsalet og Vinmonopolet.